Å be med Guds ord

Å bruke Guds ord til å be, har lange tradisjonar i klosteret. Karmelitt-ordenen er dei som har lært meg mest om dette. Guds ord er sanning. Bøn i Guds ord er ein dialog med sanninga. Gud talar gjennom sitt ord – Jesus er Ordet som kom til oss.

Gjennom å lytta til hans ord går me inn i ein uavbrutt bøn med Faderen, Sonen og den Heilage ande.

Bønen er tredelt:

  1. Ord som Jesus talar til oss. Me lyttar til Han: «Søk først Hans rike», «Kvifor er de så redde, de lite truande?», «Vêr ikkje uroleg mitt born»
  2. Ord som me talar til Jesus. Han lyttar til oss: «Herre vil du så gjer meg rein», «Mester eg vil følgja deg kvar enn du går», «Eg trur, hjelp meg i min utro»
  3. Ord som me talar ilag med Jesus til Faderen. Faderen lyttar til oss og Jesus: «Fader forherliga ditt namn», «Fadervår», «Fader i dine hender overgir eg min ande».

Dette er bøner som ein kan be for Bergen. Ein kan be om at Bergen skal søkje søkt Guds rike. At den som ber vil følgja Jesus, men ber om at Bergen også skal gjera det. Å overgi Bergen i Faderen sine hender osv.

Her kan ein også be korte bøner på ut- og innpust. Tanken er å be med ånd, sjel og kropp - bønen skal forandre oss til å leve i sanning, leve i tru.

  • Fader (innpust) - i dine hender overgir eg min ande (utpust)
  • Heilage Far (innpust) - bevar Bergen i ditt namn (utpust)

Jesus-bønen

«Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over meg» (Mark 10, 47).

Bønen har bl.a. sitt utgangspunkt i Bartimeus og den kanaaneiske kvinna sine ord til Jesus om å forbarme seg over deira liding. Den er særleg brukt i ortodoks tradisjon.

Bønen er repeterande og meditativ. Ei sterk bøn som kan brukt til å be over Bergen som by, men også for folket, helsevesen, styre og stell, altså:

  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over / sjå i nåde til Bergen»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over folket som bur i Bergen»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over politikere»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over folk i leiande stillingar»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over dei ulike kirkene»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over politiet»
  • «Herre Jesus Kristus Guds Sønn, miskunne deg over helsevesenet»
  • Osv ...

Per Øystein Opdal, Centralkirken

Flere forslag til inspirasjon ...